Turen startar frå Førde kl.8.00 med avgang frå Esebotn kl 09.30.

KEIPEN (1427moh) i Balestrand.

Sogn sitt svar på Trolltunga. Inst i Esefjorden ser ein rett opp på den særmerkte toppen. Dei siste åra har det blitt utført ei stor oppgradering av stien ved hjelp av sherpaer og ivrige turfolk frå Balestrand. Turen startar frå Førde kl.8.00 med avgang frå Esebotn kl 09.30. Vi går oppover til 650 moh, der stien deler seg. Her følgjer vi den nye sherpa-stien opp ura til Gulleple på 1100 moh med pause og flott utsikt over Sognefjorden. Dagsturhytta for Balestrand var tidligere planlagt her, men vart for krevjande. Men det er planlagt ny hytte her i løpet av 2020. Terrenget slakkar litt av no før siste kneika opp. Deretter over to snødekte parti ut på Keipen med vidstrakt utsikt over Sognefjorden og bygdene rundt og fjella på Gaularfjellet.

Det er lurt å ha med stavar til returen. Turen har ei lengd på 13km, med 1427 høgdemeter og varer 8-10 timar.

Turleiar Dag Nestegjerde ynskjer at dei som vil vere med må melde seg på. For dei som blir med frå Førde vil det kome informasjon om kontaktperson seinare.

Mer informasjon/påmelding
Sogndal kommune
08:00
12.09.2020
Dag Nestegjerde
95079486
dag.nestegjerde@hydro.com
Google Map of 61.2292267,6.4818597