Turen startar frå Førde

Keipen (1427moh) i Balestrand er Sogn sitt svar på Trolltunga. Inst i Esefjorden ser ein rett opp på den særmerkte toppen og turen går da også nesten rett opp.

Dei siste åra har det blitt utført ei stor oppgradering av stien ved hjelp av sherpaer og ivrige turfolk frå Balestrand.

Turen startar frå Førde kl 08.00, med avgang frå Esebotn kl 09.30. Vi går oppover til 650 moh der stien deler seg. Her følgjer vi den nye sherpa-stien opp ura til Gulleple på 1100 moh, med pause og flott utsikt over Sognefjorden. Terrenget slakkar litt ut no, før siste kneika opp. Deretter over to snødekte parti ut på Keipen med vidstrakt utsikt over Sognefjorden og bygdene rundt og fjella på Gaularfjellet. Stavar til returen vert tilrådd.

Turen har ei lengd 13 km, med 1427 høgdemeter og varigheit 8-10timar.

Turleiar er Dag Nestegjerde.

Mer informasjon/påmelding
Førde kommune
08:00
02.09.2018
Dag Nestegjerde
950 79 486
Google Map of 61.4530923,5.850919999999974