Start kl 10.00 frå kryss Vormedalsvegen/Fundingslandsvegen.

Bli med på gjengrodde stiar til husmannsplassen som fødde opp far, mor og 13 born !

Arne Kleppa blir med oss på turen. Arne kan historia om denne store familien med det strevsame livet her 1800-talet ; historia om familiemedlemmene som ein etter ein vandra ut – og korleis det gjekk der ute i den vide verda med dei alle saman.
Husmannsplassen Oksabåslia ligg ca 375 moh, og me kjem oss dit kun til fots.

Me går innover langs Djupedalsvatnet, først litt på veg, deretter i terreng, gjennom eit skar. Oksabåslia ligg på ei myr like ved eit tjern, ca to km frå start, ca 400 moh.

Her ligg det ei lita rød hytte, som er oppført på grunnmurane etter husmannsstova. Arne fortel om det tøffe livet for den store familien på denne husmannsplassen på 1800-talet. Me går og vidare nordover ein snau km. Ute på brotet får me spanande utsikt ned mot Jøsenfjorden og dei røffe juva: Indre og Ytre Oksajuva, med den markante fjellformasjonen Oksen midt i mellom. Dette er del av Nordraheia naturreservat.

Mer informasjon/påmelding
Karmøy kommune
10:00
12.09.2021
Svanhild Hjorteland Gbada
97007636
shg@hjelmeland.kommune.no
Google Map of 59.3700278,5.3030574