Oppmøte ved SPAR butikken på Grodås.

Oppmøte: SPAR butikken på Grodås

Tid: Kl. 09.00

Turleiar: Therese Solibakke og Per Rune Loen

Turen tek ca 6-7 timar.

Frå SPAR butikken på Grodås køyrer vi i lag til Honndalssætra på ca 400 moh.

Hugs å ta med pengar til bomveg!

Fyrste del av turen går på anleggsveg, som er frå Tussa utbygginga i 1960 åra. Vi kryssar elva, og om litt startar vi på den bratte stien Rokkeråsa. Her er det ein del stein, så vi må vere litt varsam. På ca 1220 moh har vi kome opp den bratte stien, og vi går nordover på snøfonner.

Toppen ligg på 1529 moh, og er grensefjellet mellom Ørsta, Stranda og Hornindal kommunar.

På vestsida ser vi rett ned i Tussevatnet, eller Rokkevatnet, og på fjella Hatten og Rokkekjerringa.

Mer informasjon/påmelding
Hornindal kommune
09:00
09.09.2018
Therese Solibakke og Per Rune Loen
98641829, 41448265
Google Map of 61.9677556,6.5252762000000075