Parkering ved Ulvik kyrkje. Samkøyring her i frå til Stindekleiv.

Denne turen er eit samarbeid mellom Ulvik Turlag, Ulvik og Granvin sokn og Granvin turlag.
Turen vil gå i roligt tempo, og vil derfor høva for dei aller fleste.

Det vil bli samkøyring frå Ulvik/Granvin til Strindeskleiv, samt retur frå Ulvik etter gudstenesta, ved behov. Pris for transport blir 50 kr pr. person, og betalast ved oppmøte. Oppgjev ved påmelding om ein ynskjer transport.

Oppmøte: Kl. 10:00 på parkeringsplassen ved Ulvik kyrkje, i Granvin etter avtale.

Turbeskrivelse:

Turen startar kl. 11 frå Strindeskleiv, parkeringa til Hauksåsen skianlegg.

Turen tar oss på traktorveg forbi Litlastøl og vidare til Vatnasete. På vegen blir det fleire stopp der kjentmann og historieforteljar vil fortelja m.a om stadnamn og hendingar knytt til vegen.

Frå Vatnasete går me vidare opp Bekkjadalen og kjem så til grensa mellom gamle Granvin herad (no Voss herad og Ulvik herad). No har me snart nådd turens høgste punkt, og før me startar ned stigninga i Angerskleiv blir det ei lengre rast med mat og andakt.

Vidare går turen ned til Furesete, her fyl med den nye skogsvegen eit lite stykke før me gå inn på Allmenningsvegen og ned Tellstegen, her er det bratt ned over. Me kryssar Tellebrua og fyljer vegen ned til sti kryss, her tar me til venstre og går mot Lindebrekke. Ved gardstunet går me over på grusveg og fyljer den forbi Undeland og ned til fylkesvegen (Espelandsvegen) Her i frå lyt ein gå på asfalt til ein kjem ned til sentrum.

Turen blir avslutta med betasuppa og gudsteneste i kyrkja.

Ta med:

– Klede etter veret

– Gode sko, ein kan fint gå i joggesko om veret er bra, ellers anbefallar me tursko

– Ta med godt med mat og drikke

– Born kan gjerne ta med seg eit kosedyr til turkompis

Påmelding: Innan 6.september

Det er naudsynt med påmelding grunna maten i kyrkja, samt om ein treng transport.

Mer informasjon/påmelding
Ulvik kommune
10:00
10.09.2023
Hilde Underdal
95238282
ulvik.turlag@dnt.no
Google Map of 60.567399266440916,6.916529430688474