Sted: Reinheimen, Tafjordfjella

Tafjordfjella har mykje å by på, vakre daler, majestetiske toppar og tindar, magiske augeblikk samt Møre og Romsdals høgste fjelltopp som rager 1999 moh. Tafjordfjella har så utruleg mykjeå by på, fjell med fantastiske formasjoner, djupe dalar og fossar som kan ta pusten frå ein kvar, ei krafthistorie utan sidestykke, fauna og dyreliv, vatn å fiske i, og ja.- her er mykje fisk, og ikkje minst vatn å kjøle seg ned i, eit lite fossefall kan bli til ein dusj, eit stryk i ei elv, kan bli eit maserande bad. Vi ønskjer å ta Dykk med på tur, ikkje ein krevjande bratt topp, som vi bruker ein dag på, men ei helg i samhandling, erfaringsutveksling, gode historier(kanskje), god mat, nye bekjedskap, latter, venner og glede over å få lov til å nye livet i naturen og det den har å by på.

Dag 1 Vi kan nå Puttegga frå fleire hald, den turen vi har valgt starter ved Tunga og går opp til Pyttbua, det er ein tur på mellom 2 og 3 timar. Vi overnattar i Pyttbua, kveldsmat og kveldskos med nye bekjetskap.

Dag 2 er målet Puttegga og Putteggenden, det er ein fantastik flott og ganske så lettgått tur. Turen tek mellom 5-8 timar alt etter kva ein gjer den til. Vi er ikkje på rekordjakt, så her skal det vere kjekt, Vi er ei gruppe på tur, og då går vi samla og hjelper kvarandre der det trengs.

Ned igjen til varm hytte, god mat og drikke, før ein kryp ned i soveposen, lakenposen eller i eige sengetøy.

Dag 3 Et vi frukost, pakkar saman, vaskar oss ut, før vi tek turen over fjellet og ned til Tunga, kor bilane venter.

Vi vil gjernw ha deg med på tur, det er så innmari kjekt å få syne fram noko av det Reinheimen nasjonalpark har å by på.

Ein vil kjenne det litt i beina etter ein slik tur, omlag alle kan gå den. Du må ha litt erfaring i sekken, send oss gjerne ein e-post om det er noko du lurer på.

Prisen inkluderer overnatting og mat på Pyttbua.

Mer informasjon/påmelding
Fjord kommune
16:00
10.09.2021 – 12.09.2021

70 12 58 04
dnt.sunnmore@dnt.no
Google Map of 62.243704792231505,7.954470345241584