Oppmøte: J.R Sunde kl. 10:00.

Sula Turlag inviterer til Gimsdalstinden i Sykkylven!

Gimsdalstinden er nabotopp til Straumshornet og er ein minst like spanande tur. Den har, som sin nabo, flott utsyn! Det er enkel klyving undervegs, men ikkje veldig utsett. Vi startar frå parkeringsplassen oppe i Skålholten og følger herifrå vegen vidare opp mot Gimsdalssetra. Herifrå følger vi stien vidare bratt oppgjennom skogen, stien er tydeleg heilt til topps. Når vi nærmar oss toppen blir det bratt tog Ganske luftig på ryggen siste delen opp mot toppen. Her finnes en alternative rute som er litt mindre utsett. Frå toppen er utsikta riktig så flott, så her tar vi oss god tid til å nyte denne.
Om det er nokon har lyst så er det ikkje lange biten bort til Hammarsettinden, men dette er ein luftig tur, så for dem som er høgderedde er ikkje denne bonustoppen å anbefale.

Turleiarar: Tor Raymond Eriksen, tlf. 913 88 091
Stefan Blanke, tlf. 980 28 131

Oppmøte: J.R Sunde kl. 10:00

Mer informasjon/påmelding
Sykkylven kommune
09:00
12.09.2020
Tor Raymond Eriksen, Stefan Blanke
913 88 09, 980 28 131
Google Map of 62.352203496849434,6.635356132895196