Stordal skule

Tur med Stordal Turlag.

Geitebottstind på 1495 moh ligg i fjellmassivet mellom Seljebotnen og Lisjebotnen/Røysetdalen. Vi startar turen fremst i Røysetdalen, og går opp på Pesætra og innover botnen. Vi passerar Reset, ein gammal støl, og Karlstad, ei steinhytte. Her tek vi fatt på stigninga. Mot toppen er det mykje ur. På Geitabottind får vi eit flott utsyn over Seljebotnen og Langsætrane, og heilt ned i Valldalen på andre kanten. Ned igjen går vi ei litt anna rute der vi siktar oss inn på Rødsetskaret der det ligg ei gammal hytte frå Tafjord Kraft. Så svingar vi nedigjen i Litlebotn, og tek same ruta tilbake.

Oppmøte Stordal skule kl 09.00.

Turleiarar: Kjell Magne Hove, 41660185/Marita Busengdal

Mer informasjon/påmelding
Fjord kommune
09:00
11.09.2022
Kjell Magne Hove og Marita Busengdal
41660185
Google Map of 62.38225049999999,7.008337699999999