Oppmøte er ved Ålfoten skule.

Tre karakteristiske fjell som ligg i eit fjellmassiv heilt vest i Ålfotbreen landskapsvernområde. Keipen er 1362 moh, Plogen er 1357 moh og Saga 1318 moh. Det går merka løype til Keipen frå Sørdalsvatnet i Svelgen. Ein kan og gå inn til fjellmassivet frå fleire utgangspunkt i Ålfoten og frå Grøndalen.Turen i dag går frå Ålfoten.

Oppmøte ved Ålfoten skule kl 09. Derifrå fyller vi opp biler og køyrer inn Førsdalen.

Det er ein lang tur til fots. Turgåer må være trent. Vindtette kle, gode sko, klesbyte, drikke og niste

Turleiar Kjell Morten Langedal

99 74 22 88

Mer informasjon/påmelding
Bremanger kommune
09:00
02.09.2018


Google Map of 61.8878672,5.5387968