Start frå brua ved Grandfasta innafor Svensøy kl. 10.00

Ormelitunga – den nye turattraksjonen i Luster!

Denne dagen skal du få vera med til denne spesielle steinformasjonen over Ormelid i Fortunsdalen. For alvor har han vorte kjend etter eit flott bilete på Luster Sparebank sin kalender i fjor. Me tykkjer at han kan måla seg med Trolltunga i Hardanger, og han er mykje lettare å nå. Ta bilen nokre kilometer forbi Svendøy og parker ved brua. Deretter følgjer me gardsvegen opp til Ormelid, som er under restaurering. Det blir truleg omvising og orientering der før me går vidare forbi Nedstestølen og Øvstestølen på T-merkt sti. Eit stykke før DNT-hytta Stølsdalen går me ut på kanten og kan nyta det mektige utsynet frå Ormelitunga. Dette trur me vil bli eit ynda fotoobjekt! Dei som vil, kan ta avstikkaren opp til den sjølvbetjente hytta, som var fjellstøl for gardane i Ormelid.

 

Start frå brua ved Grandfasta innafor Svensøy kl. 10.00

 

Turleiar: Jakob Øygard (990 42 131)

Mer informasjon/påmelding
Luster kommune
10:00
12.09.2021


Google Map of 61.5514277,7.7609314