Oppmøtet er i starten av Hålandsskogen. Køyr riksveg 506 ca. 3 km vestover frå Ålgård mot Bryne. Sving til venstre på vegen til Høgahåland. Parker etter ca 50 meter.

Velkomen til dugnadskveld i Hålandsskogen. Me skal køyra ut treflisa som me laga i vår, til bruk på stiar og turvegar. Dersom me er nok folk, kan me også kvista gjengrodd turveg, og montera to hundeportar ved dei to gjerdeklyvarane mot Trodalen.

Alle som har lyst til å vera med å oppleva natur og arbeidsfellesskap i skogen, kan vera med. Dette passar for både unge og eldre.

Det kan vera lurt å ha med hanskar, spade, og gjerne ei vanleg handsag.

Det er fint med ei melding til 481 01 430 om du kjem, Tida er fleksibel, berre kom når du er klar. Me sluttar normalt ca kl. 20.

Mer informasjon/påmelding
Gjesdal kommune
17:00
06.09.2021
Jarle Ravndal
+4748101430
post@atursti.no
Google Map of 58.75203594177327,5.8277178501744675