Oppmøte: kl 10 ved bommen for Jotunheimvegen.

Variert rundtur, der vi også er innom eit fangstanlegg med fleire reinsgraver. Flott utsyn frå Kvernhøe 1 688 moh.

Turstart frå Haugseter. Fyrst 1 km langs veg, så på merka sti opp langs Liåne. Etter kvart jamn bratt stigning, så flatt innover, forbi Litjernet, og bort til fangstgravene der vi tek ein stopp. Vidare opp i skaret mellom Gråhøe og Kvernhøe (mykje stein her) og opp på Kvernhøe. Vestover toppryggen, så ned mot sør, forbi Urektjerna og ned til god, merka sti som vi fylgjer ned att til Urek/Haugseter. Muleg å kjøpe middag på Haugseter fjellstue.

Ta med mat og drikke, og gode fjellsko. Turen tek 5 – 6 t, avhengig av kven som blir med.

Oppmøte: kl 10 ved bommen for Jotunheimvegen, 1 km nord for Bygdin Fjellhotell.

Frist for påmelding (se kontaktinformasjon) senest 30. august kl 22:00.

Mer informasjon/påmelding
Øystre Slidre kommune
10:00
02.09.2018 – 20.08.2018
Tor Harald Skogheim
996 90 793
thskogheim@gmail.com
Google Map of 61.690278,8.561666999999943