Oppmøte ved Palfinger på Seimsfoss. Derifrå blir det buss til Blådalen og turstart ved kraftstasjonen Blåfalli 4 ved Blådalsbotnen, inst i Blådalen. 1. etappe går til Blådalshytta.

Blådalshytta ved Grønavikvatnet i Blådalen.

Oppmøte ved Palfinger på Seimsfoss. Derifrå blir det buss til Blådalen og turstart ved kraftstasjonen Blåfalli 4 ved Blådalsbotnen, inst i Blådalen. 1. etappe går til Blådalshytta.

Hytta er plassert høgt og fritt ved Veranuten med utsyn over Blådalen og vatnet heimover mot Brandvikhorga. Her vil det bli høve til å sjå seg om i hytta som blei offisielt opna i august 2016. Hytta er open for alle i sommarhalvåret. Etter ein liten rast går turen vidare til Hildalen og Hildalsvatnet. Her følgjer vi ein litt urete sti langs med vatnet. Ved enden av vatnet får vi overgang til ein god sti til Lovatnet og Guddal. Frå Guddal kan vi delvis følgje opparbeidd tursti lang elva tilbake til Seim. Vi er avhengig av tørt ver.

Pris kr 200 pr person for medlemmer. Kr 290 for ikkje medlemmer. Prisen dekker buss.

Alternativ rute via Faurlio.

Tid ca 9 timar. Turen er krevjande.

Oppmøte kl 08.00 ved Palfinger, Seimsfoss.

Kontaktinformasjon: Grete Solheim Tlf. 99153785 E-post: grete.solheim@kvinnherad.kommune.no

Mer informasjon/påmelding
Kvinnherad kommune
08:00
05.09.2021
Grete Solheim
99153785
grete.solheim@kvinnherad.kommune.no
Google Map of 59.96540289999999,5.9956977