Fredag ferje frå Rysjedalsvika kl 16.25 og frå Rutledal kl. 16.50. Retur søndag med ferje frå Krakhella klokka 15.20.

DATO: 11.-13. september
PRIS: kr. 1800 medlem/ kr. 2000 ikkje-medlem
STAD: Hardbakke, Solund
KURSLEIAR: Roy Raasholm Fauske/Rune Valsvik

Tidspunkt:

Kurset tek til fredag kveld kl. 18.00. Avslutning søndag kl. 14.30

Fredag ferje frå Rysjedalsvika kl 16.25 og frå Rutledal kl. 16.50. Retur søndag med ferje frå Krakhella klokka 15.20.

Reisa:

Ferjerute for Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella finn du på kringom.no

Matservering:

Ta med brødmat til frukost og niste for to dagar. Ta elles med det du treng (drikke/frukt) for tur laurdag og søndag. Servering fredag kveld og middag laurdag kveld blir fellesmåltid.

Overnatting:

Overnatting hjå Steinsund Marina ved Hardbakke. (steinsund.no).

Ta med lakenpose evt sovepose. Det er dyner og puter på hytta. Elles alle fasilitetar.

Litteratur:

DNT si bok ”Turlederboka”. Denne vert å få kjøpt på kurset. Pris kr.198 for medlemer.

Utstyr klede m.m. (grunnleggjande kurs)

Turklede, fjellsko og ryggsekk. Regnklede er godt å ha på lur.

Også varme ullklede, vottar og huve kan bli bruk for.

Toalettsaker og handklede.

Innesko.

Drikkeflaske/turkopp/Termos

Kart: Turkart Solund 1:50 000 (kan kjøpast på kurset til kr. 130)

Kompass, helst 360 grader. (har kompass til låns).

Skrivesaker

Ta også med hovudlykt/lykt

Kursavgift.

Kursavgift kr. 1.800 medlem, kr. 2.000 ikkje medlem, inkl. matservering (fredag og laurdag kveld), overnatting og sjølve kurset. Vel møtt til hyggjeleg og lærerikt kurs.

Modul 1- DNT ambassadør

Kursleiar: Roy Raasholm Fauske og Rune Valsvik

Hovudtema: Presentasjon av DNT og turleiarkurset

Tid: 3 timar

Organisasjonen DNT
Føremål og strategi
DNT sitt landsstyre/administrasjon
Medlemsforeininga sine hovudmål, aktivitet
DNT sin utdanningsstige
Bruk av turlagshytter
Friluftslova – Allemannsretten
Modul 2- Grunnleggjande turleiar

Kursleiarar: Roy Raasholm Fauske og Rune Valsvik

Hovudtema: Orientering og formidling

Tid: 2 dagar

Vi går ein tur kvar dag i området ved Hardbakke, der vi deler på vere turleiarar.
Turleiarrolla – formidling
Detaljorientering
Tema:
Kler, utstyr, mat og drikke
Turplanlegging
Kartkunnskap
Turglede og motivasjon av deltakarar
Evaluering av deltakarane
Tidsplan for kursdagane

Fredag 11. september: DNT ambassadørkurs

Kl. 18.00 – 21.00

Presentasjon av:

Den Norske Turistforening og turleiarkurset.

Laurdag 12. september: Grunnleggjande turleiarkurs (dag 1)

09.00: Kursstart med presentasjon og innleiande teori om turleiarrolla, kart, kompass og orientering
11.00: Turplanlegging som gruppearbeid
12.00: Praktisering av turleiarrolla, kart og kompass på tur. Undervisning undervegs.
17.00: Teoridel om turutstyr, kler, mat og drikke. Repetisjon, spørsmål og diskusjon
19.00: Felles matlaging
Søndag 13. september: Grunnleggjande turleiarkurs (dag 2)

09.00: Turplanlegging som gruppearbeid
10.00: Praktisering av turleiarrolla, kart og kompass på tur. Undervisning undervegs.
14.00: Oppsummering av kurset. Evaluering, spørsmål og diskusjon. Kursbevis.
14.15: Opprydding og vask av hytta.
14.30: Kursavslutning.

Mer informasjon/påmelding
Solund kommune
18:00
11.09.2020 – 13.09.2020
Astrid kalstveit
48236615
sft@dnt.no
Google Map of 61.06935008474534,4.839167285241706