Parkeringa ved Bøasetra

Natakupa – Hestefjellsnibba – Karifjellet

Dette er ein flott tur som hovudsakleg går på grensefjell mellom Stryn og Hornindal.

Turen er ganske lang, men blir det lagt opp med mange pausar og eit tempo alle skal klare. For den som vil være med anbefales god form og gode fjellsko med ankelstøtte.
Tips til pakking: rikelig med mat og drikke(det få plassar å finne vatn langs ruta), godt med varme klede (været kan skifte fort og trekk er det vanlegvis snaufjellet). Anna kjekt å ha med kan være kart (Stryn-Statens Kartverk), fotoapparat og gnagesår plaster.

Turplan:Vi startar i rolig tempo frå parkeringa ved Bøasetra. Vi går austover i slakt terreng og svingar nordover via Bubergskaret og opp Småeggene. Deretter bratt opp øst ryggen mot Natakupa(1400moh). Vi vil ta ein god rast ved varden om været tillater det. Frå Natakupa er det godt utsyn og vi ser Honndalsrokken i spektakulær profil. Turen fortsetter vestover med noko bratt nedstigning til skaret før vi får ei fin stigning mot Hestefjellsnibba(1303moh). Etter litt fotografering siktar vi oss inn mot varden på Karifjellet(1320moh) og tar pause. Herfrå går vi på sti ned til Holvatnet der ein kan gå enten anleggsvegen ned att til Tonningsetra eller sti via Holsætra.

Forventa tidsbruk, 7-9 t. Ut over nevnte pausar tar vi mange smårastar for påfylling av mat og drikke.

Mer informasjon/påmelding
Stryn kommune
09:00
10.09.2022
Johnny Hjelle
48019050
Google Map of 61.93083381389076,6.679344177246094